Se arrangementet i appen

Åpne

Baker Hansen

KonsertJazz
Kråka Pub, Vettre
onsdag 13. januar 2027
19:00 - 21:00

Beskrivelse

"dukker de opp på en jazzklubb i nærheten, er det vel anvendt tid å sette av en kveld i godt lag med disse gode musikerne." - Jan Granlie, Salt Peanuts Chet Baker si stemme og trompet definerte cooljazzen. Men korleis let forteljingane hans på vårt eige morsmål? Baker Hansen har sidan 2010 leita etter svaret på dette i språk og samspel, basert på musikken som Chet Baker spelte. Jazzklassikarane er tidlause og velkjente, men teksten er omarbeidd til norsk og framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. På «eige mål» kjem musikken og innhaldet brått nærare på oss, som publikum på godt over 200 konserter i Noreg og Sverige kan fortelje om. Baker Hansen har gjeve ut fire album med Chet på norsk, «Ei som deg» (2014), «Gamle Daga» (2016), «Live i Oslo med John Pål Inderberg» (2019) og "Ein song som liknar oss" (2024). Kombinasjonen av kjente melodiar i norsk språkdrakt, konsertar fulle av kollektivt liv og leik i eit velspelande ensemble fører til øyreopnande opplevingar langt utover den hardbarka jazz-lyttarkrinsen, og me har nådd ut til begeistra publikum over heile landet frå intime kafear til konserthus og store festivalar gjennom utstrakt turnéverksemd. Baker Hansen består av Sigurd R. Tunestveit - vokal og gjendikting Erling Skorpen - trompet Kjetil Jerve - piano Stian Andersen - bass Tore Flatjord - trommer Foto: Felefrans Film og TV

Baker Hansen

Ofte stilte spørsmål

Når er Baker Hansen?

Onsdag 13. januar 2027 kl. 19:00.

Hvor er Baker Hansen?

Kråka Pub, Vettre. Du finner kart og veibeskrivelse på denne siden.

Hvordan kjøper du billetter til Baker Hansen?

Billetter selges via Billetto. Billettknappen på denne siden tar deg til salget.

Lignende arrangementer