Galdre på kammerset
Beskrivelse
Galdre er ein sinfonietta med 14 musikarar, og på denne matinékonserten får publikum oppleva ensemblet i eit meir intimt og fleirfaldig format. Gjennom kammarmusikk i mindre besetningar viser ensemblet både breidda i uttrykket sitt og fleksibiliteten som ligg i samspelsforma. Programmet spenn i frå energisk og elegant fransk kammermusikk til ny norsk samtidsmusikk, og byr på både kjende namn og nye stemmer. På konserten står mellom anna Francis Poulenc sin sekstett for piano og treblåskvintett og trio for trompet, horn og trombone på programmet, saman med 2. sats frå Torstein Aagaard-Nilsen sin trombonekonsert for trombone og skarptromme. Kvelden blir òg ei særleg høve til å oppleve urframføringa av Torbjørn Haaland sitt verk Curves and Points for bassklarinett og slagverk. Dette blir ein konsert med stor variasjon i klang, uttrykk og besetning – tett på musikarane, tett på musikken. Foto: Van3ssa\_, Pixabay Arrangør: [Galdre](https://fb.me/e/6BG414PiR)
Ofte stilte spørsmål
Når er Galdre på kammerset?
Søndag 21. juni 2026 kl. 13:30.
Hvor er Galdre på kammerset?
Sentralen, Øvre Slottsgate 3, Oslo. Du finner kart og veibeskrivelse på denne siden.
Hvordan kjøper du billetter til Galdre på kammerset?
Billetter selges via Tix. Billettknappen på denne siden tar deg til salget.
Kommentarer
Lurer du på noe om Galdre på kammerset?
Spør her, så svarer arrangøren eller andre som skal. Du trenger en konto for å skrive.
Ingen kommentarer ennå
Logg inn for å stille det første spørsmålet.
