Jul på Molja - Fredrik Steen & Jorunn Torsheim
Beskrivelse
Thon Hotel ved Molja i Ålesund får sitt eige juleshow! PREMIERE: Torsdag 29. oktober kl. 18.30 SPELEPERIODE: 29. oktober til 12. desember Artistane Fredrik Steen & Jorunn Torsheim inviterer til eit splitter nytt show der dei lovar herleg førjulsstemning fullspekka av leik og humor - og ikkje minst briljant musikk! Ta julebordet med jobben eller venegjengen på Thon Hotel Ålesund i år, og få alt under eitt tak! Sunnmøringen Fredrik Steen (56) er ein veteran i den norske underhaldningsbransjen, og har lang og brei erfaring frå både scene, TV og film. Fredrik er som mange veit mannen bak revyfiguren "Hildegunn Moltubakk", men denne gongen må den sprelske husmora pent bli igjen heime. For denne jula tek Fredrik heller med seg sunnfjordingen Jorunn Torsheim (51) på scena, ein svært erfaren og allsidig songar og scenekunstnar med bakgrunn frå opera, teater og musikkteater. Jorunn er klassisk utdanna frå Norges Musikkhøgskole og Goldsmiths College. Ho er òg dotter av den eksentriske kunstnaren Oddvar Torsheim frå Førde, og har nok arva mykje av både galskap og artisteri derifrå. Fredrik og Jorunn har jobba saman med fleire ulike prosjekt tidlegare, men det er først gong dei gjer eit heilaftans show saman. Piano: Peter Demirov Bass: Lars Øverås Lyddesign: Sverre Walderhaug Lysdesign: Thomas Mellingen Hanssen Showet er produsert av Zenario og XAudio For firmatilbod med show inkludert overnatting og/eller julebord, ta kontakt med: THON HOTEL ÅLESUND på TLF 70 10 20 81 eller epost alesund@thon.no Spelestad: Thon Hotel Ålesund Molovegen 6 6004 Ålesund Nettsida til Thon Hotel Ålesund finn du her

