Kunstsuppe m/ Trond Borgen og Ola Tjørhom
Beskrivelse
Korleis såg eigentleg helvete ut i mellomalderen? Og korleis har kunstnarar gjennom historia skildra både fortaping og frelse? Torsdag 5. november inviterer Haugesund kunstforeining og Haugalandmuseet til ei Kunstsuppe utanom det vanlege. Me startar med suppe og brød, før me legg ut på ei reise gjennom dei mørkaste og mest himmelske motiva i kunsthistoria. Først går turen til helvete. I mellomalderen var helvete ein høgst konkret stad i førestillingsverda til folk. Gjennom dramatiske og til tider groteske bilete skildra kunstnarane evig pine, frykt og fortaping. Bileta blei òg brukte av kyrkja for å åtvara mot konsekvensane av synd. Kunstkritikar Trond Borgen tek oss med inn i denne verda gjennom sterke og oppsiktsvekkjande bilete frå kunsthistoria i mellomalderen og renessansen. Men fortvil ikkje. Det finst ein veg ut. Etter pausen tek teologiprofessor Ola Tjørhom over og fører oss frå fortaping til frelse. Gjennom bilete frå kunsthistoria utforskar han korleis håp, nåde og frelse har blitt framstilte gjennom hundreåra. To føredragshaldarar, to perspektiv og ein kveld der kunst, historie og teologi møtest. Program 17.00: Suppa frå Lothes Mat og Vinhus 17.30: Trond Borgen - Ein aften i helvete 18.15: Pause 18.30: Ola Tjørhom - Frelsa i kunsten 19.15: Avslutning Velkommen til ein aften i helvete, med ei himmelsk avslutning! Arrangementet er eit samarbeid mellom Haugesund kunstforeining og Haugalandmuseet.

Arrangør
Ofte stilte spørsmål
Når er Kunstsuppe m/ Trond Borgen og Ola Tjørhom?
Torsdag 5. november 2026 kl. 17:00.
Hvor er Kunstsuppe m/ Trond Borgen og Ola Tjørhom?
Haugesund Billedgalleri, Haugesund. Du finner kart og veibeskrivelse på denne siden.
Hvordan kjøper du billetter til Kunstsuppe m/ Trond Borgen og Ola Tjørhom?
Billetter selges via TicketCo. Billettknappen på denne siden tar deg til salget.
Hvordan blir været under Kunstsuppe m/ Trond Borgen og Ola Tjørhom?
Delvis skyet og rundt 6 grader er meldt for torsdag 5. november 2026. Prognosen kommer fra Meteorologisk institutt og oppdateres frem mot arrangementet.
