Boklansering - Olaf Husby: Skap eit språk
Beskrivelse
Frå alvisk i Tolkien-universet til dothraki i Game of Thrones til fredsprosjektet esperanto: Når du skapar eit språk, lagar du ikkje berre eit system av lydar, teikn og symbol til å kommunisere med – du bygger ei heilt ny verd. Velkommen til boklansering av Olaf Husbys Skap eit språk! Har du drøymt om å lage eit eige språk? No får du sjansen! I denne leikne fagboka gir språkeksperten Olaf Husby deg ein komplett steg-for-steg-guide til korleis du kan planlegge, bygge og utvikle språket ditt. På vegen lærer du grunnleggande grammatikk og får ei ny og unik forståing av korleis språk og språksystem fungerer. Finn fram penn og papir og sjå eit heilt nytt språk utvikle seg på skriveblokka di! Det vil vere mogleg å kjøpe boka under og etter arrangementet. Olaf Husby (f. 1951) er nordlending, men han har budd i Trondheim i mange år. Han var lærar og språkforskar ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, og arbeidde mykje med norsk for utlendingar. Olaf har skrive ei rekkje bøker om dette. På NRK Radio har Olaf Husby vore fast gjest ved Språksnakk. Arrangør: Litteraturhuset i Trondheim - Skald Sted: Sellanraa Foto: Titt Melhuus / Skald

Arrangør
Ofte stilte spørsmål
Når er Boklansering - Olaf Husby: Skap eit språk?
Fredag 13. november 2026 kl. 19:00.
Hvor er Boklansering - Olaf Husby: Skap eit språk?
Litteraturhuset, Sellanraa, Kongens gate 2 Trondheim 7011, Trondheim. Du finner kart og veibeskrivelse på denne siden.
Hvordan kjøper du billetter til Boklansering - Olaf Husby: Skap eit språk?
Billetter selges via Hoopla. Billettknappen på denne siden tar deg til salget.





