Eventyrdag - familiearrangement i Aurdal
Beskrivelse
Hemsingfestivalen ynskjer å formidle musikkopplevingar også for dei yngste, og igjen inviterer me til ein eventyrdag for heile familien i Aurdal! Det blir uteaktivitetar i samarbeid med Aurdal IF og konsert inne i Aurdal kyrkje med Barokkanerne, Valdresstrykerne, Follofeler og Ragnhild Hemsing. Del 1: Kl. 12.00 «Ole Bull i Valdres», familiekonsert i Aurdal kyrkje med Ragnhild Hemsing, Ensemble Allegria og unge talenter. Familiekonserten har me fått til ved hjelp av midlar frå Kulturrådet, Sparebankstiftelsen DNB og Tom Wilhelmsens Stiftelse. Del 2: Kl. 13.00 held familiedagen fram med ei løype med forskjellige aktivitetar for barn og vaksne ute, som aking, gjettekonkurranse, kasting på blink, kviss m.m. Til slutt i løypa ventar ein premie. Det er valfritt kva for aktivitet de er med på. Arrangementet er i samarbeid med Aurdal IF.

Arrangør
Ofte stilte spørsmål
Når er Eventyrdag - familiearrangement i Aurdal?
Lørdag 27. februar 2027 kl. 12:00.
Hvor er Eventyrdag - familiearrangement i Aurdal?
Aurdal Kyrkje, Aurdal. Du finner kart og veibeskrivelse på denne siden.
Hvordan kjøper du billetter til Eventyrdag - familiearrangement i Aurdal?
Billetter selges via TicketCo. Billettknappen på denne siden tar deg til salget.






