Se arrangementet i appen

Åpne

10-årsjubileum//Vesle Kinn

KonsertRockFolk
Vesle Kinn, Florø
torsdag 10. juni 2027
20:00 - 21:30

Beskrivelse

Torsdag: Ola Kvernbergs STEAMBOX – STEAMDOMEs illsinte lillebror! Som ein av Noregs mest allsidige musikarar og komponistar var det møtet med klubbmusikken som tende gnisten Ola Kvernberg trong for å setje Steamdome i gang i 2017. Med fleire av Noregs mest tonegivande musikarar om bord byrja prosjektet raskt å rulle for alvor. Albumet utvikla seg snart til bandet Steamdome, og eit av dei mest oppsiktsvekkjande kommersielle gjennombrota for ein norsk jazzmusikar var eit faktum. I sentrum av Ola Kvernbergs mannsterke orkester finn vi den harde kjernen STEAMBOX, beståande av trommer, bass, orgel og Ola sjølv på eit virvar av instrument. Kvartetten gir publikum høve til å kome tettare på musikken frå albumutgjevingane, framført i ny drakt. STEAMBOX er den energiske og kreative lillebroren som nektar å stå stille. Då Steamdomes første album dundra gjennom lydmuren for fem år sidan, hagla lovorda frå både publikum og presse. Utselde konsertar, fleire høgt hengande prisar og ei plassering blant dei ti mest selde vinylplatene i Noreg vitna om eit prosjekt som hadde treft noko heilt spesielt. Der debutalbumet var reindyrka, organisk og perkussivt, introduserte Steamdome II: The Hypogean med synther, trommemaskiner, preparert piano, arpeggiatorar, pumpeorgel og vokal. Med ein jazzmusikars utolmodige DNA og ein filmkomponists teft for konsept og dramaturgi har det aldri vore eit alternativ for Ola Kvernberg å resirkulere seg sjølv. Gjennom dei siste ti åra har Steamdome vore åstaden for Kvernbergs private «escape room», utan spelereglar og med ei grenselaus tilnærming til kva rytme og harmoni kan gjere med eit klubbgolv. Difor var det også naturleg at prosjektet blei løfta til nye høgder på det tredje albumet. I 2023 starta Ola Kvernberg arbeidet med den tredje utgåva av Steamdome, der dampen frå bandets suggererande klubbmusikk blei driven vidare av vindkasta frå dei storslegne komposisjonane hans. Med 3000 publikummarar framfor seg og heile Trondheim Symfoniorkester bak seg fekk Steamdome III: Beyond The End si monumentale urframføring i Borggarden i Trondheim. Året etter kom albumet ut til strålande kritikkar, og Steamdome la ut på den mest omfattande turneen sin til då, med utselde konsertar, fulle festivalscener og eksklusive orkesterkonsertar. Etter eit sabbatsår i 2026 er Steamdome tilbake i 2027, ti år etter at det første albumet såg dagens lys. Fredag: Nix & the Nothings - høgoktan rock’n’roll med røter i garasjerock, punk og psykedelia Med eksplosive konsertar, rå energi og smittande speleglede har bandet etablert seg som eitt av Noregs mest omtalte liveband. Dei siste åra har bandet hausta brei anerkjenning for både konsertar og plateutgjevingar, og markert seg på festival- og klubbscener i Tyskland, Spania, Italia, Danmark og Noreg. Konserten på Bergenfest i 2024 blei trekt fram som eitt av festivalens store høgdepunkt, og blei gitt toppkarakter i Bergensavisen . «Bandet spiller ‘I Don’t Wanna Walk’ og sirkusteltet begynner å spinne. Jeg svimler av glede. Det er fandenivoldsk, absurd og helt kokkelimonke.» – Bergensavisen, 6/6 No er Nix & the Nothings aktuelle med sitt tredje album, Make It Mean , som blei gitt ut i oktober 2026 i samarbeid med Groovie Records og Westergaards Records. Albumet markerer eit nytt kapittel for bandet, samstundes som dei held fast ved den kompromisslause energien og det rå uttrykket som har gjort dei til publikumsfavorittar. Forvent støy, sveitte og rock’n’roll slik det skal opplevast: høglydt, uforutsigbart og framført av eit band som gir alt frå første til siste tone. Laurdag : Stein Torleif Bjella rir åleine Etter eit år prega av eit særs vellukka albumslepp, eit stort internasjonalt samarbeid og turné med fullt band, rir Stein Torleif Bjella vidare åleine i 2027. Til det nære soloformatet. Tilbake til kjernen. Til der songane og alt byrjar. Til kjøkenbordet. Åleine med ord og gitar. Bjella er i dag ein av dei mest respekterte og beundra artistane vi har. Han treff både unge og gamle, og folk frå alle samfunnslag, med sine poetiske, forteljande og opne tekstar om menneskelivet. Om det som skjer inni oss og mellom oss. Om lengsel, det vakre og det vi balar med. Sjølv har han døypt sjangeren sin «visepsykiatri». – Det blir nye og gamle songar, og det blir sjølvsagt utlodning av fruktkorg, lovar Bjella, som gler seg stort. – Å møte publikum og få vere på farten med songane rundt om i landet, er det gjevaste med musikantlivet, held han fram. Det siste året har Bjella imponert stort med albumet Velkomen skodde , eit uventa internasjonalt samarbeid med den kanadiske superprodusenten Daniel Lanois (U2, Bob Dylan, Emmylou Harris, Willie Nelson og Peter Gabriel). Lanois produserte ei av låtane på albumet og inviterte dessutan Bjella med som special guest på konsertane sine i Oslo og Bergen. Låta Sundreberget (med gitarlegenden Marc Ribot) har lege spikra på norske radiolister gjennom sommaren, og Bjella har sågar blitt omtalt som «vår nye musikalske verdsborgar» av Audun Vinger i Dagens Næringsliv . Men alle som har følgt Bjella ei stund, veit at han skin like sterkt, anten han står på store scener med band i ryggen eller åleine med gitaren og ekstra rom for historieforteljing. Publikum kjem tett på ålingen som har skildra norsk bygdeliv for fleire generasjonar nordmenn. Difor er det ekstra gledeleg å kunne annonsere at visesongaren, poeten, låtskrivaren, forfattaren og den musikalske verdsborgaren tek med seg gitaren og besøker Vesle Kinn på jubileet vårt!

10-årsjubileum//Vesle Kinn

Ofte stilte spørsmål

Når er 10-årsjubileum//Vesle Kinn?

Arrangementet går fra 10. juni til lørdag 12. juni 2027.

Hvor er 10-årsjubileum//Vesle Kinn?

Vesle Kinn, Florø. Du finner kart og veibeskrivelse på denne siden.

Hvordan kjøper du billetter til 10-årsjubileum//Vesle Kinn?

Billetter selges via Billetto. Billettknappen på denne siden tar deg til salget.

Lignende arrangementer