Rakfisk Forte Fortissimo
Beskrivelse
Program Mozart: Fløytekvartett no 1 i D-Dur (17 min) Cecilie Løken (fløyte) Ragnhild Hemsing (fiolin), NN (bratsj) og NN (cello) FRAMR folkemusikk (13 min) Debussy: Syrinx (3 min) Cecilie Løken (fløyte) Sommerfeldt: Vårlåter (7 min) Cecilie Løken (fløyte) Konserten startar kl.15.00 og blir etterfølgd av middag på Noraker Gård. Både ferskvare og godt laga og lagra står på bordet og programmet. Unge talent og erfarne musikarar bidreg med musikalske godsaker. Etter dette kan ein gi seg hen til dei mange rettane og variantane frå Noraker Gård. Gjennom mange hundreår har vi sett korleis mat og musikk går godt saman. Musikken kan vere anten aperitiff eller dessert, men ofte er han hovudrett. Når Hemsingfestivalen landar på Noraker, blir det først musikk og så rakfisk i mild, lagra eller vellagra variant. Eller nokre andre variantar, gjerne serverte med den eminente sennepssausen deira. FRAMR er Hemsingfestivalens satsing på eit talentprogram for klassisk musikk og folkemusikk der utøvarane kjem frå begge sjangrar. Programmet har som mål å gi innsikt i kva folkemusikken har å seie for den klassiske musikken, og omvendt. Det blir musikalske smakebitar frå noko av det dei unge musikarane har jobba med dei siste dagane. Programmet spenner frå Mozart og Debussy til norsk folkemusikk og Sommerfeldt. Vi får høyre Mozart si første fløytekvartett nr 1, framført av Cecilie Løken, Ragnhild Hemsing og musikarar frå Ensemble Allegria, før FRAMR-musikarane inviterer inn i folkemusikken. Cecilie Løken framfører Debussys «Syrinx», og konserten blir avslutta med Sommerfeldts «Vårlåter». Slik speglar programmet også FRAMR sitt mål om å utforske møtet mellom folkemusikk og klassisk musikk.

Arrangør
Ofte stilte spørsmål
Når er Rakfisk Forte Fortissimo?
Torsdag 25. februar 2027 kl. 15:00.
Hvor er Rakfisk Forte Fortissimo?
Noraker gård, Aurdal. Du finner kart og veibeskrivelse på denne siden.
Hvordan kjøper du billetter til Rakfisk Forte Fortissimo?
Billetter selges via TicketCo. Billettknappen på denne siden tar deg til salget.






