Stjernenatt - Julekonsert med Ålesund kammerkor i Vigra kyrkje
Beskrivelse
"Stjernenatt" med Ålesund kammerkor Velkommen til årets julekonsert i Vigra kyrkje lørdag 5. desember kl. 18.30. Ålesund kammerkor inviterer til ein stemningsfull julekonsert med eit variert program som spenner frå den nordiske juletradisjonen til nokre av dei vakraste og mest særprega korverka i nyare tid. Programmet omfattar mellom anna Northern Lights av Ola Gjeilo, Cradle Hymn av Kim André Arnesen, O Magnum Mysterium av Morten Lauridsen, Stars av Ēriks Ešenvalds og Francis Poulencs Quatre motets pour le temps de Noël. Desse verka blir sette saman med kjende julesongar som Det lyser i stille grender, Jeg synger julekvad, Jul, jul strålande jul og Deilig er jorden. Publikum får også høyre den særmekte versjonen av Es ist ein Ros entsprungen av Praetorius/Sandström. Med Ålesund kammerkor medverkar Ai Ling Chiu på fiolin og Kristina Bjørdal Farstad på akkordeon. Dei to musikarane tilfører konserten eigne klangfargar og opnar for varierte uttrykk i møte mellom kor, fiolin og akkordeon. Målet er å skape ei heilskapleg konsertoppleving der tradisjon og samtid møtest - frå det nære og enkle til det storslåtte og klangrike. Repertoaret er sett saman med tanke på kontrastar, ro og høgtid, og skal gi publikum ei varm inngang til julehøgtida. Billetter: Voksen: 350,- Barn under 18 år gratis. Billetter kjøpes på TicketCo.no eller med Vipps/kort i døra.

Arrangør
Ofte stilte spørsmål
Når er dette arrangementet?
Lørdag 5. desember 2026 kl. 18:30.
Hvor er dette arrangementet?
Vigra kyrkje, Ålesund. Du finner kart og veibeskrivelse på denne siden.
Hvordan kjøper du billetter til dette arrangementet?
Billetter selges via TicketCo. Billettknappen på denne siden tar deg til salget.






