Musikksporet: Nordiske landskap – frå vårlys til skumring
Beskrivelse
Program: Grieg - Holbergsuite (20 min) Svendsen - Alt under Himmelens feste (3. min Grieg - Våren (5 min) Nielsen - Little suite (15 min) Atterberg - Suite nr. 3 (12 min) Sibelius - Valse triste (4 min) Utøvare: Ensemble Allegria Dette er eit unikt høve til å oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgivnader og med utsikt til snøkledde valdresfjell. Her har du også moglegheit til å gå på ski til konserten og teste ut dei fine skiløypene i området, setje frå deg skia utanfor fjellkyrkja, gå inn i skiantrekk og nyte ein time med klassisk musikk før du tek på deg skia og held fram med skituren. Eit konsertprogram fylt av nordisk klang, natur og stemning. Her møtest fest og folkedans, vårens forventning, lyse sommarbilete og stille vemod. Konserten opnar med Edvard Griegs elegante og leikne Holbergsuite, før Johan Svendsens høgtidelege Alt under Himmelens feste løfter blikket mot det storslåtte og himmelvende. Med Griegs Våren trer vi inn i eit lysare og meir lyrisk landskap – ei musikalsk skildring av naturens oppvakning. Vidare går ferda til Carl Nielsens sprudlande Little Suite og Kurt Atterbergs fargerike Suite nr. 3, før Jean Sibelius’ gripande Valse triste rundar av konserten med ein heilt annan tone: mørkare, stillare og meir ettertenksam. Frå fest og folkedans til vårens forventning, nordisk natur og stille vemod – eit program som speglar breidda og det rike kjenslelandskapet i nordisk musikk.

Arrangør
Ofte stilte spørsmål
Når er Musikksporet: Nordiske landskap – frå vårlys til skumring?
Fredag 26. februar 2027 kl. 13:00.
Hvor er Musikksporet: Nordiske landskap – frå vårlys til skumring?
Aurdal Fjellkirke, Aurdal. Du finner kart og veibeskrivelse på denne siden.
Hvordan kjøper du billetter til Musikksporet: Nordiske landskap – frå vårlys til skumring?
Billetter selges via TicketCo. Billettknappen på denne siden tar deg til salget.





