Eg diktar ikkje – eg fortel berre sanninga

KunstLitteratur
Scheen Teaterselskab, Skien
torsdag 1. oktober 2026
19:00 - 21:00

Beskrivelse

Eg diktar ikkje – eg fortel berre sanninga Ei musikalsk og litterær vandring i livet og diktinga til Halvor J. Sandsdalen Hæge Manheim og Oddbjørn Aase inviterer til ei nær og levande framsyning med dikt, viser, forteljingar og humor frå ein av dei store diktarane frå Seljord – Halvor J. Sandsdalen (1911–1998). Halvor J. Sandsdalen skreiv om livet slik han kjende det. Om kvardagen, menneska, naturen og samfunnet – sett frå småkårsfolket si side. Diktinga hans rommar både varme og vemod, underfundig humor, satire og skarpe spark til dei som sit med makta. I framsyninga møter me Sandsdalen gjennom både tonesette dikt, korte dikt og prosatekstar. Hæge Manheim og Oddbjørn Aase tek oss med inn i eit rikt forfattarskap der det tilsynelatande vesle ofte fortel om dei store spørsmåla i livet. Det blir ei enkel og nær stund med song, opplesing og levande musikk, framført av to utøvarar med gitar, trekkspel og ukulele. Ein diktar verd å bli kjend med Halvor J. Sandsdalen voks opp på eit småbruk i Seljord som nummer 17 av 20 sysken. Han arbeidde som skogs- og landarbeidar før han for alvor gjekk inn i forfattarskapen. Han debuterte som lyrikar i 1946 og gav gjennom livet ut mellom anna 15 diktbøker, barnebøker, roman og skodespel. Mange av dikta hans har fått nytt liv gjennom tonesettingar av mellom andre Sigmund Groven og Ivar Medaas. Sandsdalen blei også heidra med fleire prisar, mellom anna Norsk kulturråd sin lesarpris, Telemark fylkes kulturpris og Kongens fortenestemedalje i gull. Frå Seljord – til nye generasjonar Hæge og Oddbjørn laga opphavleg framsyninga i samband med 100-årsjubileet for Halvor J. Sandsdalen i 2011. Då blei programmet framført på skular, bibliotek og opne arrangement i Seljord og Vinje. No har dei teke opp att materialet – fordi dei meiner at Sandsdalen sitt forfattarskap fortener å bli oppdaga av nye generasjonar, samtidig som eldre generasjonar får eit kjært gjensyn med ein diktar dei kjenner. Framsyninga varer om lag 45 minutt, og kan tilpassast ulike aldersgrupper og arrangement. Publikum seier «Wow for ei framsyning!! Takk til Hæge og Oddbjørn for ei super tolking av Halvor J. Sandsdalen sine tekstar.» «10 av 10. Terningkast seks. Takk for ord og tonar.» «Det var så vakkert og levande. De fekk veldig godt fram tekstane til Halvor.» «Måtte fleire få glede av dette!» Billettar Billettpris: 300 kr per person. Velkomen til ei varm, morosam og tankevekkjande stund i lag med Hæge og Oddbjørn.

Ofte stilte spørsmål

Når er Eg diktar ikkje – eg fortel berre sanninga?

Torsdag 1. oktober 2026 kl. 19:00.

Hvor er Eg diktar ikkje – eg fortel berre sanninga?

Scheen Teaterselskab, Skien. Du finner kart og veibeskrivelse på denne siden.

Hvordan kjøper du billetter til Eg diktar ikkje – eg fortel berre sanninga?

Billetter selges via Billetto. Billettknappen på denne siden tar deg til salget.

Kommentarer

Lurer du på noe om Eg diktar ikkje – eg fortel berre sanninga?

Spør her, så svarer arrangøren eller andre som skal. Du trenger en konto for å skrive.

Ingen kommentarer ennå

Logg inn for å stille det første spørsmålet.