Sigrid Moldestad Trio
Beskrivelse
Fjord Cadenza har gjort det til ein tradisjon å fylle gruva i Norddal med musikk under festivalen, og i år er det Sigrid Moldestad som tek turen inn i berget. Prosjektet er i samarbeid med grunneigar og eldsjel Hallvar Eide. Sigrid Moldestad har i ei årrekke servert musikalske høgdepunkt, om vi skal tru dei mange gode meldingane. I mars kjem ho med sitt niande soloalbum, med eit folkemusikalsk grunnfjell som utgangspunkt – ho skaper både tekst og musikk sjølv. Sigrid Moldestad er kjend for si sterke formidling, og har med stort hell tonesett diktarar som Jan-Magnus Bruheim, Jakob Sande og Tove Ditlevsen. Dei siste åra har ho òg teke nokre sidesteg, mellom anna med barneplata «Regndråpeborna» (2023) og det solistiske folkemusikkprosjektet «Breim», også det frå 2023. Bokalbumet «Breim» vart nominert til både Spellemannprisen og Folkelarmprisen. Det nye albumet er på mange måtar ei vidareføring av forteljingane frå «Breim», og Sigrid Moldestad tek med seg både nytt og eldre materiale når ho turnerer med band, trio og duo utover 2026. I Gruva møter vi henne saman med trioen sin – akustikken og atmosfæra i Dale Gruvemuseum kan ikkje samanliknast med noko anna, og gir eit heilt eige rom for stemma og univers til Moldestad. 📍 Veibeskrivelse til Norddal Gruvemuseum Adresse: Fv91 1, 6214 Norddal Fra Ålesund (ca. 1 t 45 min): Ta E136 mot Åndalsnes. Ta av mot Valldal/Norddal via ferja Eidsdal–Linge (Fv63/Trollstigen-vegen) eller kjør via Stordal og Fv60 til Norddal. Følg Fv91 langs fjorden – museet ligger godt skiltet ved veien i Norddal sentrum. Fra Åndalsnes (ca. 45 min): Kjør E136 vestover, ta av mot Valldal på Fv63. Følg Fv63 over Trollstigen (sesongåpent) eller via Tafjord. Ta Fv91 mot Norddal – museet ligger langs fjordveien. Fra Stranda/Geiranger (ca. 30 min): Kjør Fv60 nordover til Norddal. Følg Fv91 – museet er skiltet i sentrum. Parkering: Gratis parkering ved fylkesveien (se markering i vedlegg)
Ofte stilte spørsmål
Når er Sigrid Moldestad Trio?
Søndag 30. august 2026 kl. 18:00.
Hvor er Sigrid Moldestad Trio?
Dale Gruvemuseum, Norddal, Norddal. Du finner kart og veibeskrivelse på denne siden.
Hvordan kjøper du billetter til Sigrid Moldestad Trio?
Billetter selges via Billetto. Billettknappen på denne siden tar deg til salget.
Kommentarer
Lurer du på noe om Sigrid Moldestad Trio?
Spør her, så svarer arrangøren eller andre som skal. Du trenger en konto for å skrive.
Ingen kommentarer ennå
Logg inn for å stille det første spørsmålet.