Espen Berg Trio
Beskrivelse
Jazz på Bjørndals Minne! Eit samarbeid mellom Fjord Cadenza og Stiftinga Bjørndalfondet Espen Berg Trio er ein prisvinnar og kritikarrost norsk pianotrio med eit nedslagsfelt som strekkjer seg langt utanfor landets grenser. Trioen har selt ut konsertsalar i Tokyo, Guangzhou, Milano, Berlin, Aten og Hong Kong, og vart omtala av britiske Jazz Journal som ein av dei aller beste trioane i verda. I juni 2026 slepp dei sitt femte album, Entropies, og tek med seg fersk musikk til Fjord Cadenza. Entropies krins rundt spenninga mellom orden og oppløysing – det planlagde og det umiddelbare. Berg har skrive eit knippe kruttststerke melodiar, men utfordrar òg med spontankomponerte låtar og polymetriske strukturar som plasserer både trioen og lyttarane heilt fremst på stolkanten. Espen Berg vart omtala som ein meisterpianist av All About Jazz allereie etter debuten med Noctilucent (2012). Hans siste soloutgjeving, The Kempen Concert (2025), vart hylla som ei av dei viktigaste pianoinnspelningane nokosinne av tyske Radiohoerer. Berg er utnemnd til offisiell Steinway-artist og er aktiv i ei rekkje samarbeid med mellom andre Silje Nergaard, Mathias Eick og Hildegunn Øiseth. Espen Berg, piano Bárður Reinert Poulsen, bass Simon Olderskog Albertsen, trommer
Ofte stilte spørsmål
Når er Espen Berg Trio?
Fredag 28. august 2026 kl. 20:00.
Hvor er Espen Berg Trio?
Bjørndals Minne, Ulsteinvik. Du finner kart og veibeskrivelse på denne siden.
Hvordan kjøper du billetter til Espen Berg Trio?
Billetter selges via Billetto. Billettknappen på denne siden tar deg til salget.
Kommentarer
Lurer du på noe om Espen Berg Trio?
Spør her, så svarer arrangøren eller andre som skal. Du trenger en konto for å skrive.
Ingen kommentarer ennå
Logg inn for å stille det første spørsmålet.


