Ode til gleda - Beethovens 9. symfoni
Beskrivelse
Beethovens mest monumentale verk til Sykkylven med 150 aktørar på scena! Beethoven si skjebne seint i livet var tøff. Å miste hørselen for ein komponist er som å miste synet for ein billedkunstnar. Då han fullførte si niande og siste symfoni var han praktisk talt heilt døv. Likevel – eller kanskje nettopp difor – skapte han eit verk av ei kraft og ei skjønnheit som framleis set verda i ærefrykt, over 200 år seinare. Den niande er eit monument i musikkhistoria. Fire satsar som går frå mørke og kamp til det som i fjerde sats eksploderer ut i «Ode til gleda» – Friedrich Schillers hyllest til fellesskap, fridom og menneskeleg verdigheit, sett i musikk av ein kunstnar i dyp krise, som berre fekk høyre sitt kanskje største meisterverk inni seg, og som i følge historia måtte snu seg for å sjekke om publikum applauderte under urframføringa i 1824. 27. august samlar Fjord Cadenza solistane Jacquelyn Wagner, Marianne Beate Kielland, Markus Bjørlykke og Magne Fremmerlid. Orkesteret består av Ensemble Allegria, Sjøforsvarets musikkorps og koret av Ålesund videregående skule sitt musikklinjekor og Ålesund kammerkor. Her får du høyre eit stykke musikkhistorie som krev alt av utøvarane, og som står seg like godt i dag som i 1824.
Ofte stilte spørsmål
Når er Ode til gleda - Beethovens 9. symfoni?
Fredag 28. august 2026 kl. 19:00.
Hvor er Ode til gleda - Beethovens 9. symfoni?
Sykkylven Kyrkje, Sykkylven. Du finner kart og veibeskrivelse på denne siden.
Hvordan kjøper du billetter til Ode til gleda - Beethovens 9. symfoni?
Billetter selges via Billetto. Billettknappen på denne siden tar deg til salget.
Kommentarer
Lurer du på noe om Ode til gleda - Beethovens 9. symfoni?
Spør her, så svarer arrangøren eller andre som skal. Du trenger en konto for å skrive.
Ingen kommentarer ennå
Logg inn for å stille det første spørsmålet.



