"Still a Free Man" Konsert Husabula

Konsert
Husabula Kulturscene, Florø
lørdag 22. august 2026
22:00 - 23:30

Beskrivelse

Still a Free Man Still a Free Man er eit band med røter tilbake til 2006. Det som starta som eit samarbeid mellom Laila Beate Førde, Einar Nesbakk og Elisabeth Solbakken, har gjennom åra utvikla seg til eit seksmannsband med erfarne musikarar frå fleire ulike prosjekt. Etter ein pause på åtte år fann bandet saman att våren 2026. Med nokre nye medlemmar og eit nytt namn – frå Free Man til "Still a Free Man" – var det naturleg å markere ein ny start. Den første konserten etter pausen blei halden på Havlys i Bremanger, og responsen frå publikum gjorde at spelegleda verkeleg vakna til liv igjen. Målet no er å halde nokre konsertar kvart år. Musikken vår spenner frå folkrock og rock til soul og pop, med stor vekt på sterke melodiar, fleirstemt vokal og godt samspel. Repertoaret inneheld låtar av artistar som Fleetwood Mac, Joni Mitchell, Crowded House, Little Feat, Orleans, Bill Withers, Prince og mange fleire. Publikum vil kjenne att mykje av musikken – songar som har vore lydsporet for fleire generasjonar frå 70-, 80- og 90-talet. Det som kjenneteiknar Still a Free Man, er varme vokalharmoniar, fengande gitarsoloar, stemningsfulle saksofonparti, fløyte, akustiske og elektriske gitarar i flott samspel, eit solid og drivande trommekomp og ein presis, groovy bass. Vi ønskjer å skape konsertar der speleglede, kvalitet og nær kontakt med publikum står i sentrum. Bandet består av: Laila Beathe Førde – vokal og saksofon Einar Nesbakk – vokal og gitar Elisabeth Solbakken – vokal og fløyte Ole Martin Frimannslund – trommer Ole Rasmus Hjelle – gitar Kristian Roset – bass Dei fleste musikarane er aktive i andre band og prosjekt, men møtest i «Still a Free Man» fordi dei deler gleda over tidlause låtar og ekte speleglede.

Ofte stilte spørsmål

Når er "Still a Free Man" Konsert Husabula?

Lørdag 22. august 2026 kl. 22:00.

Hvor er "Still a Free Man" Konsert Husabula?

Husabula Kulturscene, Florø. Du finner kart og veibeskrivelse på denne siden.

Hvordan kjøper du billetter til "Still a Free Man" Konsert Husabula?

Billetter selges via Billetto. Billettknappen på denne siden tar deg til salget.

Kommentarer

Lurer du på noe om "Still a Free Man" Konsert Husabula?

Spør her, så svarer arrangøren eller andre som skal. Du trenger en konto for å skrive.

Ingen kommentarer ennå

Logg inn for å stille det første spørsmålet.

Lignende arrangementer