Dei 6 tiåra: 1960- og 1970-talet
Beskrivelse
Den folkekjære serien «Dei 4 tiåra» frå 2005 vender tilbake til scenen på Samfunnshuset, og blir utvida med to nye tiår. Året er 1961, og me møter familien til Håkon og Sissel på Tjentland i Årdal i Ryfylke. Gjennom 1960- og 1970-talet kjem den moderne verda stadig nærare, med fjernsyn, nye politiske idéar, populærkultur, teknologiske nyvinningar og nye tankar om kjønnsroller, familieliv og individuell fridom. Håkon vil gjerne følgja med i tida og modernisera garden, men det er lettare for han å kjøpa nye maskinar og byggja nytt fjøs, enn å endra gamle førestillingar. Sissel ønskjer på si side større fridom og meir råderett over sitt eige liv. Ungane deira, Harald og Ingeborg, veks opp med eigne draumar, meiningar og planar, medan spørsmålet om framtida til Tjentland-garden blir stadig meir påtrengjande. Med humor, varme og gjenkjennelege familiekonfliktar speglar framsyninga eit norsk bygdesamfunn i rask endring. Verda utanfor finn vegen heilt inn i stova på Tjentland, der gamle og nye verdiar kolliderer på både morosame, såre og overraskande måtar. Det er ei historie om tradisjonar og fornyingar, og om kor vanskeleg det kan vera å følgja med i tida når ein må endra seg sjølv òg. Hovudsponsor: Framsyninga er støtta av
Ofte stilte spørsmål
Når er Dei 6 tiåra: 1960- og 1970-talet?
Arrangementet går fra 3. desember til lørdag 5. desember 2026.
Hvor er Dei 6 tiåra: 1960- og 1970-talet?
Hjelmeland Samfunnshus, Hjelmeland. Du finner kart og veibeskrivelse på denne siden.
Hvordan kjøper du billetter til Dei 6 tiåra: 1960- og 1970-talet?
Billetter selges via Billetto. Billettknappen på denne siden tar deg til salget.
Kommentarer
Lurer du på noe om Dei 6 tiåra: 1960- og 1970-talet?
Spør her, så svarer arrangøren eller andre som skal. Du trenger en konto for å skrive.
Ingen kommentarer ennå
Logg inn for å stille det første spørsmålet.


