Arne og Knut Ingvars // Vesle Kinn

Konsert
Vesle Kinn, Florø
lørdag 6. juni 2026
16:30 - 17:30

Beskrivelse

Arne og Knut Ingvars spelar jazz! Knut Ingvars har vore så heldige å få med seg den allsidige pianisten Arne Sunnarvik, og vågar dermed å invitere til ein time med sommerlege jazzlåtar på Vesle Kinn. Om du vil høyre Knut Ingvars versjonar av låtar som: Hon är söt när hon sover, Dream a little dream of me, eller Knut M som kaster seg uti improvisasjonar av Louis Armstrong, og ikkje minst nyte dei fine tonane som Arne lokkar ut av pianoet, så anbefalar vi turen til Vesle Kinn denne lørdags ettermiddagen. Sist Knut Ingvars inntok Vesle Kinn var det med eit knippe låtar frå Everly Brothers repertoar, framført med godt humør, og humøret har dei med seg denne gongen og. I trioen Knut Ingvars finn du Knut Magnussen på congas, song og gode kommentarar, Knut Roald på kontrabass, song og oppfølgande kommentarar. Ingvar Hopland spelar gitar og syng og prøver å komme til orde. Alle har lang fartstid bak seg som musikantar og synest framleis det er like kjekt som då dei var 20. Ny i gjengen er Arne Sunnarvik som nok er godt kjent for dei fleste i Florø, som tidligere rektor på kulturskulen og som pianist i utallege samanhengar og ikkje minst som orkesterleiar i Florø Storband. Velkommen til ein liten time med jazz på Vesle Kinn!

Ofte stilte spørsmål

Når er Arne og Knut Ingvars // Vesle Kinn?

Lørdag 6. juni 2026 kl. 16:30.

Hvor er Arne og Knut Ingvars // Vesle Kinn?

Vesle Kinn, Florø. Du finner kart og veibeskrivelse på denne siden.

Hvordan kjøper du billetter til Arne og Knut Ingvars // Vesle Kinn?

Billetter selges via Billetto. Billettknappen på denne siden tar deg til salget.

Kommentarer

Lurer du på noe om Arne og Knut Ingvars // Vesle Kinn?

Spør her, så svarer arrangøren eller andre som skal. Du trenger en konto for å skrive.

Ingen kommentarer ennå

Logg inn for å stille det første spørsmålet.