Havstockfestivalen 19-20. juni 2026
Beskrivelse
HavStock Festivalen 2026 Velkommen til HavStock – ein ny festival på Austrheim som samlar folk til ei helg fylt med god stemning, musikk og opplevingar. Fredag 19. juni startar festivalen med quiz og underhaldning i teltet, leia av quiz-meister Tom Alexander Østensen. Her blir det barsal, latter og god stemning – ein perfekt start på festivalhelga. Laurdag 20. juni blir det liv og røre på dagtid med Austrheim Marknad, der lokale utstillarar stiller med mat, handverk og lokalproduserte varer. Ein kjekk møteplass for både små og store. Seinare på kvelden fyller vi området med musikk når lokale artistar og band går på scena. Målet vårt er å løfte fram lokale talent og skape ei stemningsfull festivaloppleving med allsang, gode tonar og eit publikum som er klare for sommarkveld på sitt beste. HavStock er arrangert av Austrheim Samfunnshus, og dette er første året vi prøver oss på festival. Ambisjonen er å skape ein inkluderande møteplass der lokalsamfunnet, besøkande og næringsliv kan samlast til ei helg med opplevingar og fellesskap. Vi håpar du vil vere med og skape starten på det som vi håpar blir ein ny sommartradisjon på Austrheim.
