Forfattarkveld: Njord V. Svendsen med boka "Lausunge. Lappjævel. Ei kjærleikshistorie."

Kunst
Kjelleren på Kaffistova
onsdag 6. mai 2026
18:00 - 19:30

Beskrivelse

Bondeungdomslaget i Oslo, Vennelaget Samlagsrota og Den mangfaldige Scenen inviterer til forfattarkveld i kjellaren på Kaffistova. Forfattar Njord V. Svendsen, aktuell med Lausunge. Lappjævel. Ei kjærleikshistorie i samtale med redaktør Cecilie Seiness frå Samlaget. Tema er utanforskap i vår tid og kampen for å kunne vera den ein er. Ein oktoberkveld i 2004 møtest Bruce og Svenne på ein fest i eit gammalt hamnelager i Tromsø. Sidan har det vore dei to. Ein «lausunge» frå New York, ein «lappjævel» frå Tysfjord. Ein amerikansk lingvist, ein lulesamisk aktivist. Dette er forteljinga om to menneske som brenn for kvarandre, og for å redde eit utryddingstrua språk. Kva kan vi lære av denne forteljinga og kvifor rører denne historia oss sånn? Kunstnarleg innslag av Inga Johanne Fyhn Nilsen, Den mangfaldige scenen, som også les utdrag frå boka. Hendinga finn stad i kjellaren på Kaffistova, i Rosenkrantzgate 8. Det blir sal av bøker og enkel servering. Arrangørar: Samlagsrota, Målnemnda i Bondeungsdomslaget i Oslo, Bondeungdomslaget i Oslo og Den Mangfaldige scenen. Lenke til facebook-hendinga.

Ofte stilte spørsmål

Når er dette arrangementet?

Onsdag 6. mai 2026 kl. 18:00.

Hvor er dette arrangementet?

Kjelleren på Kaffistova. Du finner kart og veibeskrivelse på denne siden.

Hvordan kjøper du billetter til dette arrangementet?

Arrangementet er gratis, og du trenger ikke billett.

Kommentarer

Lurer du på noe om Forfattarkveld: Njord V. Svendsen med boka "Lausunge. Lappjævel. Ei kjærleikshistorie."?

Spør her, så svarer arrangøren eller andre som skal. Du trenger en konto for å skrive.

Ingen kommentarer ennå

Logg inn for å stille det første spørsmålet.

Lignende arrangementer

Er dette dine arrangementer?

Arrangementene til Idrottslaget I Bul er hentet fra nett og lagt ut her. Tar du over profilen, styrer du den selv: rett opp det som er hentet feil, endre navn og bilde, legg ut arrangementer og selg billetter.

Se arrangementet