Olavseminaret på Gran

Konsert
Oslo
28. august – lørdag 29. august 2026

Beskrivelse

Landstaddagene / Olavsseminaret 2026 – Norske kirkeakademier (NKA)   Fredag 28. til søndag 30. august Magnus Brostrup Landstad laga den første norske salmeboka i 1870, med det vart han ein sentral person i nasjonsbygginga av Noreg på 1800-talet. Landstad var – som Ivar Aasen – opptatt av å utvikle norsk skriftspråk – som ein del av lausrivinga frå det danske I 1825 kom han som ung teologistudent til Gran, som huslærar for rittmeister Berg på Næs. Her møtte han prost Lassen si dotter Wilhelmine, som han seinare vart gift med. Han vart etter kvart sokneprest i Seljord i Telemark og andre stader – og mykje anna. Landstaddagane og Olavsseminaret har i år gått saman og skipar til eit Landstadseminar. Det vert salmar og salmesong, foredrag om Landstad og Olavstradisjonen, om fornying av salmetradisjonen og om kor mykje salmane har hatt å seie for bygging av tru, kultur og samfunn her i landet. Det vert historier frå Landstad si tid på Gran og i Telemark, gudsteneste (med Landstadsalmar) i Tingelstad gamle kyrkje (St. Petri) og vandring til Sølvsberget.   Programmet går over tre dagar. Det er råd å vere med på alt eller berre ein av dagane. Fredag ettermiddag/kveld er det eit program med lokalt tilsnitt, om Landstad si tid på Hadeland. Det vert kåseri, allsong og tekstar av Landstad. Kyrkjekoret tek del. Laurdag vert det eit seminar i Mariakyrkja frå klokka 11 til 16 (registrering frå 10.30). Her vil det vere foredrag, musikk og salmesong, med Iver Kleive, Erik Hillestad, Vigdis Øystese, Arne Bugge Amundsen, Cathinka Dahl Hamnro, Kristin Gunleiksrud Raaum, Bergit Telnes og Herleik Baklid. Det vert matpause og litt mat før vi får ein konsert med Iver Kleive i Mariakyrkja frå klokka 17.30 til 18.30. Søndag er det gudsteneste i Tingelstad gamle kyrkje klokka 11. Under gudstenesta syng vi sjølvsagt Landstadsalmar. Og etterpå er det høve til å gå turen til Sølvsberget, der Magnus og Mina i si tid sverma.   Nærmare informasjon om påmelding kjem seinare.

Ofte stilte spørsmål

Når er Olavseminaret på Gran?

Arrangementet går fra 28. august til lørdag 29. august 2026.

Hvor er Olavseminaret på Gran?

Oslo. Du finner kart og veibeskrivelse på denne siden.

Hvordan kjøper du billetter til Olavseminaret på Gran?

Arrangementet er gratis, og du trenger ikke billett.

Kommentarer

Lurer du på noe om Olavseminaret på Gran?

Spør her, så svarer arrangøren eller andre som skal. Du trenger en konto for å skrive.

Ingen kommentarer ennå

Logg inn for å stille det første spørsmålet.

Lignende arrangementer

Er dette dine arrangementer?

Arrangementene til Norske Kirkeakademier er hentet fra nett og lagt ut her. Tar du over profilen, styrer du den selv: rett opp det som er hentet feil, endre navn og bilde, legg ut arrangementer og selg billetter.

Se arrangementet