Tingingsverk: Tone Steinstad & familiekompet - "Viser frå før"
Beskrivelse
Tone Steinstad er ei uvurderleg kjelde til tradisjonelle folkeviser frå Telemark, og ho har samla eit rikt repertoar gjennom eit langt liv. I 2024 albumdebuterte ho med plata «Viser frå før» – 89 år gammal – og viste med det at det aldri er for seint å dele musikken som bur i ein. I 2025 invitere Telemarkfestivalen Tone Steinstad til å framføre tre viser som ein del av programmet for Opningskonserten. Med seg på scena hadde ho dotter Gunn Steinstad, barnebarna Eivind, Sigrid og Håkon Aase og oldebarnet Gunnhild Aase – fire generasjonar på same scene! Dei røyrte publikum til tårer og fekk ståande applaus. Det var tydeleg for alle i salen at dette er ei kulturskatt av dei sjeldne – ei unik formidling av både musikk og livserfaring. Tre folkeviser er berre toppen av isfjellet med tanke på det sjølvlærte repertoaret til Tone Steinstad. Difor er det ei stor glede for Telemarkfestivalen å kunne presentere tingingsverket «Viser frå før» – ein fullverdig konsert med utgangspunkt i Tone si unike songarv!
Ofte stilte spørsmål
Når er dette arrangementet?
Torsdag 6. august 2026 kl. 19:00.
Hvor er dette arrangementet?
Storsalen, Gullbring kulturhus, Gullbringvegen 34, Bø i Telemark. Du finner kart og veibeskrivelse på denne siden.
Hvordan kjøper du billetter til dette arrangementet?
Arrangementet er gratis, og du trenger ikke billett.
Kommentarer
Lurer du på noe om Tingingsverk: Tone Steinstad & familiekompet - "Viser frå før"?
Spør her, så svarer arrangøren eller andre som skal. Du trenger en konto for å skrive.
Ingen kommentarer ennå
Logg inn for å stille det første spørsmålet.
Lignende arrangementer
Er dette dine arrangementer?
Arrangementene til Stiftinga Telemarkfestivalen er hentet fra nett og lagt ut her. Tar du over profilen, styrer du den selv: rett opp det som er hentet feil, endre navn og bilde, legg ut arrangementer og selg billetter.



