Tingingsverk: Erland Dahlen - "Hornblend"
Beskrivelse
Perkusjon har ein lang, men ofte oversett, historie i norsk folkemusikk. Samanlikna med hardingfele og trekkspel har reine rytmeinstrument fått mindre merksemd. I andre delar av verda står perkusjon langt meir sentralt i folkemusikken, der perkusjon og rytme er sjølve grunnmuren musikken. Rytmen spelar ei heilt avgjerande rolle i hardingfelespelet og er noko av det som gir slåttane liv og karakter. Hardingfela er tett knytt til folkedansen, og det krevst ein drivande og presis rytme for at dansarane skal kunne følgje musikken. Mange av slåttane har særeigne rytmisk preg, ofte med ujamne taktartar eller synkoper. Rytmen er tett samanvoven med ornamentering, bogeføring og dynamikk, og det er i samspelet mellom desse elementa at uttrykket kjem til sin rett. I dette tingingsverket ønskjer Erland Dahlen å undersøke i kva grad ein kan overføre ornamentikken, og dynamikken frå melodiske og klangrike slåttespelet til eit reint perkusjon-orientert uttrykk. Erland Dahlen frå Helgen i Nome kommune er ein norsk trommeslagar og perkusjonist kjend for sitt særprega og utforskande lydbilete. Han kombinerer tradisjonelle trommer med eit breitt spekter av utradisjonelle lydkjelder. Dahlen er oppteken av klang og rom, og brukar ofte perkusjon til å skape stemningar heller enn berre rytmar. Dahlen har gjeve ut fem kritikarroste studioalbum med dette som tilnærming. No er han klar med tingingsverket «Hornblend». Tingingsverket vil gå saumlaust over i konsert med Erland Dahlen og gitarist Geir Sundstøl, der trommekunst og strengemagi vil gå saman i ei høgare einskap!
Ofte stilte spørsmål
Når er Tingingsverk: Erland Dahlen - "Hornblend"?
Torsdag 6. august 2026 kl. 21:00.
Hvor er Tingingsverk: Erland Dahlen - "Hornblend"?
Konsertlåven, Nordbøvegen 10, Bø i Telemark. Du finner kart og veibeskrivelse på denne siden.
Hvordan kjøper du billetter til Tingingsverk: Erland Dahlen - "Hornblend"?
Arrangementet er gratis, og du trenger ikke billett.
Kommentarer
Lurer du på noe om Tingingsverk: Erland Dahlen - "Hornblend"?
Spør her, så svarer arrangøren eller andre som skal. Du trenger en konto for å skrive.
Ingen kommentarer ennå
Logg inn for å stille det første spørsmålet.
Lignende arrangementer
Er dette dine arrangementer?
Arrangementene til Stiftinga Telemarkfestivalen er hentet fra nett og lagt ut her. Tar du over profilen, styrer du den selv: rett opp det som er hentet feil, endre navn og bilde, legg ut arrangementer og selg billetter.



