Sam Amidon

Konsert
Bakgården, Gullbringvegen 6, Bø i Telemark
fredag 7. august 2026
17:00 - 18:30

Beskrivelse

Sam Amidon Fredag 7. august 2026 Bakgården, kl. 17:00 285,- inkl. bill.avg. Sam Amidon kjem endeleg til Telemarkfestivalen! Den amerikanske songaren, låtskrivaren og multiinstrumentalisten er kjend for å fornye den amerikanske folkemusikktradisjonen på sitt heilt eige vis. Med røter i gamle balladar, salmar og tradisjonelle songar skaper han musikk som er både djupt personleg og dristig utforskande. Amidon nyttar seg av fele, gitar og banjo med frie arrangement, uventa harmoniske grep og ei særeigen, uttrykksfull stemme. Med seg har han Chris Vatalaro på perkusjon og elektronikk, noko som tilfører eit ekstra lag av rytme, klang og stemning. Samspelet opnar for både stillferdige augeblikk og meir intense, pulserande parti. I ein konsert med Sam Amidon glir tradisjon og samtidsmusikk saumlaust i kvarandre, og publikum blir invitert inn i eit lydlandskap fullt av nærleik, nysgjerrigheit og musikalitet. Velkomen!

Lignende arrangementer