Opningskonserten
Beskrivelse
Opningskonserten Fredag 7. august 2026 Storsalen, Gullbring, kl. 19:00 365,- inkl. bill.avg. I årets opningskonsert vil me møte dei meritterte folkemusikarane Kirsten Bråten Berg, Leiv Solberg, Åsmund Solberg og Johanne Flottorp, der sistnemnde òg vil framføre Haugerud-slåttar for fleire stemmer i lag med Sunniva Langås-Røiland. Me vil møte visesongar Marie Tveiten frå Seljord og Sam Amidon med særeigen blågras frå Vermont i USA. Me vil møte Magnhild Garnås Haugen og Audun Rørmark med band som vil presentere deira tolkingar av nokre låtar frå den legendariske plata «Rosensfole» frå 1989. Me vil møte gjengen i Folkemusikk fordjuping som viser seg fram med song, dans og spel– og sist men absolutt ikkje minst: me vil møte Spelemannslaget Bøheringen, og dansarar frå Bø dansarring og Nes nasjonale dansarring som avsluttar kalaset. Fylkeskultursjef i Telemark fylkeskommune, Maja Foss Five, vil formelt opne årets festival, medan skodespelar Ida Ursin-Holm vil leie oss gjennom konserten med stødig hand! Velkomen til ei nydeleg konfekteske av ein konsert!
Ofte stilte spørsmål
Når er Opningskonserten?
Fredag 7. august 2026 kl. 19:00.
Hvor er Opningskonserten?
Storsalen, Gullbring kulturhus, Gullbringvegen 34, Bø i Telemark. Du finner kart og veibeskrivelse på denne siden.
Hvordan kjøper du billetter til Opningskonserten?
Arrangementet er gratis, og du trenger ikke billett.
Kommentarer
Lurer du på noe om Opningskonserten?
Spør her, så svarer arrangøren eller andre som skal. Du trenger en konto for å skrive.
Ingen kommentarer ennå
Logg inn for å stille det første spørsmålet.
Lignende arrangementer
Er dette dine arrangementer?
Arrangementene til Stiftinga Telemarkfestivalen er hentet fra nett og lagt ut her. Tar du over profilen, styrer du den selv: rett opp det som er hentet feil, endre navn og bilde, legg ut arrangementer og selg billetter.



