FredagsFOLK: Rosensfole 2026, AySay, Reolô
Beskrivelse
FredagsFOLK: Rosensfole 2026, AySay, Reolô Fredag 7. august 2026 Kroa i Bø, kl. 20:00 435,- inkl. bill.avg. (Ein billett for heile kvelden) Kl 20:00 – Dørene opnar Kl 21:00 – Rosensfole 2026 Ca kl 22:30 – AySay Ca kl 00:00 – Reolô Obs! 18 års aldersgrense med vergeordning. Kl. 21:00 – Rosensfole 2026 Legendarisk plate i ny tapning I november 2025 presenterte Riksscenen i Oslo konserten, «Arven etter Agnes». Som ein del av denne konserten framførte barnebarnet Magnhild Garnås Haugen og eit flott band leia av bøhering Audun Rørmark eit knippe låtar frå den legendariske plata, «Rosensfole», som Agnes Buen Garnås og Jan Garbarek gav ut i 1989. Dette gav meirsmak og bandet har heldt fram med å vidareutvikle repertoaret, så vel som å skape ny musikk i lag. I denne konserten vil ein av landets mest framstormande, unge kvedarar og eit stjernelag av unge jazz- og folkemusikarar blese nytt liv i den velkjende og folkekjære plata med eigne tolkingar. Dei vil òg presentere heilt ny musikk, skrive av Magnhild Garnås Haugen, for alle første gong. Det er mykje snakk om folkemusikkbølga som herjar for tida, og me er ganske sikre på at denne konserten vil syte for at denne bølga tek til i styrke! Medverkande: Magnhild Garnås Haugen – vokal Audun Rørmark – fele, vokal Jon Espelid – trommer Gard Kronborg – bass Benjamin Gisli – piano Ola Erlien – gitar Ca. kl 22:30 – AySay Dansbare danskar AySay er eit band som foreinar anatolske folketradisjonar og nordisk elektronika gjennom røtene til vokalist Luna Ersahin. På tyrkisk, kurdisk og dansk skaper dei eit psykedelisk rom der grensene blir viska ut, og berre den rå, menneskelege opplevinga står att – ein stad mellom håp og håpløyse. Musikken til AySay hyllar mangfaldet og byggjer bru mellom kulturar, noko som gjer dei til ei markant røyst på den globale musikkscena. Med Luna Ersahin sin dragande og kraftfulle vokal i front, og dei virtuose musikarane Aske Døssing Bendixen og Carl West Hosbond ved si side, skaper AySay eit musikalsk univers som tek lyttaren frå nordiske landskap til hjartet av Anatolia. Ved å kombinere tradisjonelle instrument som saz med moderne pop og elektroniske element, formar AySay eit nyskapande lydbilete som bryt med sjangrar og samlar verder. Me har prøvd i fleire år, og no klaffa det endeleg med å få AySay på Telemarkfestivalen! Medverkande: Luna Ersahin – vokal, saz, synth Aske Døssing Bendixen – perkusjon, elektronikk Carl West Hosbond – gitar Ca. kl 00:00 – Reolô Dystopi har aldri vore tøffare Reolô er ein kvartett beståande av sprelske multi-instrumentalistar med utgangspunkt i norsk folkemusikk og den noko vage nemninga «open klasse». I mars 2025 sleppte dei plata «Dystopi Delete» til storslåtte meldingar. Musikalsk rører bandet seg frå norsk slåttemusikk, via rocka groover med inspirasjon frå både Vest-Afrika og Amerika, til reine energiutblåsingar. Eller som Arvid Skancke-Knutsen skreiv i Klassekampen: «som om Velvet Underground i all hemmelegheit hadde øvd i årevis i eit stabbur». Reolô viser ein musikalsk heilskap i all sin variasjon, sitt alvor og si leikenheit. Med tekstar om prepping, saueflokken i full fart mot stupet og ein hard vår prøver bandet å treffe samtida presist, medan fokuset på groove, tett samspel og gammaldags tonalitet gjev musikken eit smått tidlaust preg. Reolô har vorte eit slags «superband» – både innan norsk folkemusikk og rock. Medverkande: Anders Røine – vokal, gitar, langeleik, munnharpe Hans Kjorstad – vokal, fele, synth Rasmus Kjorstad – fele, oktavfele Hans Hulbækmo – trommer, perkusjon, munnharpe, vokal Magnus Skavhaug Nergaard – bass Velkomen!