Doktorgradbad: Eilev Groven Myhren og Anne Svånaug Blengsdalen

Konsert
Bø bok og papir
lørdag 8. august 2026
13:00 - 14:00

Beskrivelse

Eilev Groven Myhren i samtale med Anne Svånaug Blengsdalen Laurdag 8. august 2026 Bø bok og papir, kl. 13:00 – 14:00 235,- inkl. bill.avg. Musikkvitar og folklorist Eilev Groven Myhren kjem til Bø bok og papir for å presentere doktorgradsarbeidet sitt – eit prosjekt som dreg liner frå norsk folkemusikk til dei djupaste strukturane i tonen sjølv. Han er barnebarn av Eivind Groven som er ein sentral inspirasjon for forskinga hans. I doktorgradsarbeidet undersøker Myhren det han sjølv omtalar som eit mogleg «musikalsk urspråk»: overtoneskalaen. Denne skalaen byggjer på naturgjevne intervall som oppstår spontant i lyd, og kan gi nye perspektiv på både folkemusikk og vestleg musikktradisjon. Gjennom arbeidet sitt viser han korleis slike naturtonar har levd vidare i norsk folkemusikk, til dømes i instrument som langeleik, og korleis desse tonane utfordrar det etablerte tonesystemet. Me vil møte Eilev Groven Myhren i samtale med professor ved Universitetet i Sørøst-Norge, Anne Svånaug Blengsdalen. Velkomen!

Lignende arrangementer