Sundagskurs på Evju bygdetun!
Beskrivelse
Påmelding til kurs: post@telemarkfestivalen.no Kvedarkurs med Anne Gravir Klykken 335,- inkl. bill.avg. / 10 plassar Velkomen til kurs i folkesong frå Telemark! Kurset blir ei uhøgtideleg samling der deltakarane syng seg gjennom stubbar, viser, slåttestev og bånsullar frå Telemark med Anne Gravir Klykken som kursleiar. Kurset vil sveipe innom stiltrekk og historie knytt til songforma. Kurset kan passe både for deg som er nybyrjar, og for deg som er meir trena! Kurs i blågras-gitar med Jon Solberg – FÅ PLASSAR ATT! 335,- inkl. bill.avg. / 8 plassar Jon Solberg er gitarist, låtskrivar og songar med minst ein fot planta i bluegrass- og country-verda. Kurset er for deg som har lyst til å lære meir om denne drivande, rytmiske musikken. Jon lærer deg det han har tatt med seg på blågras-vegen gjennom å lytte til gitaristar som Doc Watson, Tony Rice, Maybelle Carter, Bryan Sutton, Molly Tuttle, Billy Strings og mange fleire. Du treng ein kassegitar, eit plekter og lyst til å spele god musikk. Kurs i hardingfele med Håkon Høgemo 335,- inkl. bill.avg. / 8 plassar Håkon Høgemo er ein av landets fremste spelemenn. Dette kurset er retta mot deg som har spelt ei stund, og som ønskjer å fordjupe deg i hardingfeletradisjonane frå Hardanger og Indre Sogn. Her får du lære stil, teknikk og uttrykk gjennom tett oppfølging frå ein sann meister i faget. Kortkurs i plantefarging av garn med Ingvild Flottorp – FULLTEGNET! 435,- inkl. bill.avg. / 8 plassar Få ein kort og spennande introduksjon til plantefarging under Telemarksfestivalen. Planterikdomen i Evju sitt nærområde er base for farging av ullgarn. Materialkostnader er inkludert i prisen. Kanskje du får lyst til å prøve meir etter denne dagen? Kortkurs i rosemåling med Bjørg Oseid Kleivi – FÅ PLASSAR ATT! 435,- inkl. bill.avg. / 10 plassar Det er lange og stolte tradisjonar for rosemåling i Telemark, og no får du høve til å lære frå ein av dei fremste i faget. Bjørg Oseid Kleivi held kurs der deltakarane får ei grundig innføring i grunnleggjande rosing. Gjennom kurset får du bli kjend med dei klassiske formene, fargane og teknikkane som har prega Telemarks-tradisjonen i generasjonar. Kursverksemda er støtta av Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Norsk Musikkråd (KOMP). Me takkar!