Vandreturnè #3 - Wetterhus , Nore

Konsert
Nore
fredag 3. juli 2026
19:00 - 20:30

Beskrivelse

Vandreturné #3 – Wetterhus, Nore fredag 3 juli. Jørn Hilme og læresveinane. Jørn Hilme hadde nokre viktige læresveinar, og spelet hans levde vidare gjennom dei som lærte hjå han – i tillegg dukkar det opp Hilme låttar hist og her, også i Numedal. På denne konserten får de høyre Hilme-låttar frå kjelder så tett på Hilme som ein kjem – via transkripsjonar av utøvarar som Andreas Hauge og Ulrik i Jensestogun er vegen relativt kort attende til Hilme, korleis ser Hilme-spelet ut gjennom dette perspektivet? Munnharpevirtuos Thov Wetterhus opnar opp dørene for konsert på Wetterhus og det er ei sann glede å ha med både Thov og sonen Sjur som kortreiste gjesteartistar på konserten. I år er det også 240 år sidan Pål Løyntnansdreng vart fødd, ein utøvar som også levde samtidig med HIlme – kanskje dukkar det opp Pålslåttar på konserten også? Vaksne: 200,- Ungdom(12-18)/student: 100,- Barn under 12 gratis. Billettar kjøpast her: https://sivertholmen.ticketco.events/…/vandreturn_3… Konserten er støtta av Kulturrådet

Lignende arrangementer