Sensommertreffet - Campingklubben
Beskrivelse
Torsdag 30. juli – søndag 2. august. Sted: Frænabu kurs- og misjonssenter. Frænabu ligger ved Hostadvatnet natur- og fuglereservat i Fræna kommune. Fredag er avsett til tur. Denne gongen skal vi på tur til Håholmen, eitt autentisk verneverdige klippfiskeværet med bygningar frå 1700- og 1800-talet. Saga Siglar Hall er Håholmens eige dokumentasjonssenter, som vi og skal innom. Her er ei flott utstilling av gjenstandar frå Ragnar Thorseth sitt eventyr, og i tillegg eit foredrag om Håholmen sin historie i fortid og nåtid samt historisk film. På Håholen skal vi og ein enkel lunsj: Håholmen sin «signaturrett», Fiskesuppe. Dei som ikkje kan ha fiskesuppe, må gje beskjed ved påmelding. Påmeldingsfrist: måndag 13. juli 2026 Påmelding til Alf Seim; mobil 952 09 501 eller e-post inhsei@online.no Pris oppstillingsplass m/straum kr 300 pr døgn pr bil. Klubben har avtale med Frænabu, og vil få tilsendt faktura. Eigenandel treff: kr 500– pr pers. som også dekkjer tur til Håholmen. Program: Torsdag: Innkøyring etter kl. 12.00 17.00: Velkomen, kaffi og nysteikte vaflar Fredag: 10.30: Avreise til Håholmen 15.30: Retur til campingplassen 19.00: Samling inne på senteret Laurdag: 14.00: Hesteskokasting 16.00: Felles grilling 19.00: Kveldssamling m/klubblotteri Søndag: Heimreise
