Sigd på Hedleberget

KonsertLitteratur
Utescena på Hedleberget, Voss
fredag 28. august 2026
19:00 - 22:00

Beskrivelse

Sigd er ei diktsamling skrive av Ruth Lillegraven, utgjeven i 2016. Boka handlar om odelsguten Endre, som veks opp på ein gard på vestlandet ein gong på 1800-talet. Snart skal han ta over, nett som far hans ein gong gjorde, og far hans igjen, og så bakover i generasjonar. Men noko er gale. Det er noko som har teke bustad i Endre sin kropp. Noko som gneg på ledda hans, og som legg seg oppå han med full tyngde og hindrar han i å arbeide. Ikkje greier han å føre slekta vidare heller. Kona Abelone blir stadig gravid, men noko barn kjem aldri til verda. Til slutt må Endre innsjå at livet ikkje vart slik det skulle bli. Så kven er han no? Sigd hausta strålande kritikkar da boka kom ut, og vann Nynorsk Litteraturpris i 2016. Boka er ei vakker skildring av eit menneske som prøver å leve opp til forfedras forventninger, men som blir nødt til å gå sin eigen veg. Skodespelarparet Morten Svartveit og Kjærsti Odden Skjeldal har slått seg saman med musikar Sjur Miljeteig og laga ei nydeleg lesing av Sigd, forsiktig regissert av dramaturg Ingrid Weme Nilsen, med Ruth Lillegraven si velsigning. Framsyninga varar i om lag ein time.

Ofte stilte spørsmål

Når er Sigd på Hedleberget?

Fredag 28. august 2026 kl. 19:00.

Hvor er Sigd på Hedleberget?

Utescena på Hedleberget, Voss. Du finner kart og veibeskrivelse på denne siden.

Hvordan kjøper du billetter til Sigd på Hedleberget?

Billetter selges via Billetto. Billettknappen på denne siden tar deg til salget.

Kommentarer

Lurer du på noe om Sigd på Hedleberget?

Spør her, så svarer arrangøren eller andre som skal. Du trenger en konto for å skrive.

Ingen kommentarer ennå

Logg inn for å stille det første spørsmålet.

Lignende arrangementer